<h1>Pakkelista</h1>
DU TRENG
- Billetten din.
- Gyldig ID (Bevis på at du er den du er, og gamal nok dersom du ikkje har samtykkeskjema.)
- Samtykkeskjema dersom du er under 16 år.
- Ein plan for mat, drikke og søvn. (Me skal ikkje sjå den. Me ønsker berre at deltakarane skal komma førebudd på LAN.)
HUSKELISTE – Nyttige ting
- Datamaskin eller spillkonsoll
- Nettverks kabel på minst 2 meter.
- Nødvendige kablar og tilbehør (skjermkablar, strømkablar, tastatur, datamus…)
- Strømpadde. Du får berre eitt strømuttak av oss.
- Datastol om du vil, men me har stolar dersom du ikkje vil drasse med eigen.
- Mobiltelefon med ladar
- Ekstra klede?
- Alle medikament du måtte trenga gjennom arrangementet.
- Antibac? Me skal ha felles, men kanskje det kan være praktisk å ha eiga flaske der ein sitt?
Ting du ikkje får ta med deg
- Kjøleskap eller fryseboks
- Mikrobølgeovn
- Vannkokar
- Store høgtalarar
- Andre ting som trekker mykje strøm.
- Nettverksutstyr som du ikkje har klarert med styret på førehand, til dømes ruter eller switchar.